-
Rein Sognefjord - ryddeaksjon
Sogndal kommune skal velje nye representantar til råda.
Sogndal kommune skal velje nye representantar til råda, og ynskjer innspel til kandidatar.Sogndal kommune skal utnemne nye representantar til råda sine. Kommunen ønskjer difor innspel til personar frå frivilligheita og bedrifter. Har de forslag til namn som kan eigne seg som rådsrepresentantar, skriv dei gjerne inn i excel-skjemaet og returner til kommunen innan 5. oktober.
1. Last ned dette skjema
2. Fyll ut skjema med kandidatar du ynskjer å spele inn
3. Send e-post til postmottak@sogndal.kommune.no med utfylt skjema innan 5. oktober
Sogndal kommune treng representantar til følgjande råd:
- Eldreråd
- Råd for personar med funksjonsnedsetting
- Ungdomsråd
- Innvandrarråd
- Kulturråd
- Aktivitets- og friluftsråd
Har du spørsmål eller treng hjelp til utfylling, ta kontakt med oss.
Del på:
-
Simulatorskyting for seniorar
-
Mogelege støtteordningar
Vi har laga ei oversikt over støtteordningar som lag og organisasjonar kan søkje på.
-
Kurskveld i søknadsskriving
Velkommen til søknadskurs i to delar, onsdag 12.feb. Stad: Reiselivsmuseet. 1) Kl 17:00. Digitalt kurs i regi av Gjensidigestiftelsen 2) Kl 1815: Kurs i regi av Sparebankstiftinga. Vi får besøk av Yngve Thorsen som legg inn ein ekstra kurskveld i Balestrand.
-
Aktivitetar eller arrangement i Friluftslivets år?
Kommunar, Frivilligsentralar, lag, organisasjonar, skular og barnehagar kan søke om opp til 10.000kr i tilskot frå Sogn friluftsråd til å gjennomføre aktivitetar eller arrangement i Friluftslivets år