-
Rein Sognefjord - ryddeaksjon
Ynskjer innspel til infohefte
Kom gjerne med innspel til infohefte.Informasjonskanalane er fleire og ulike. Det kan vere vanskeleg å finne informasjon om kva som skjer når. For å prøve å møte noko av dette behovet, lage vi eit infohefte kor vi informere om arbeidet til frivilligsentralen saman med at lag og organisasjonar som ynskjer det kan få informere om arbeidet sitt.
Døme kan vere:
- Dato for større planlagde arrangement
- Eit nytt tiltak laget har starta eller vurdere å starte.
- Tiltak/arbeid laget treng frivillige til
- Anna relevant informasjon
I tilfelle det kjem mange svar, må vi vurdere å redigere/prioritere mellom innspela.
Heftet vert trykt opp og lagt ut i alle postkassar i Balestrand. Målet er at dette skal delast ut rundt 10.september.
Send e-post med informasjon til balestrand.frivilligsentral@sogndal.kommune.no
Frist: måndag 2.sept.
Ta kontakt om de har spørsmål!
Del på:
-
Simulatorskyting for seniorar
-
Mogelege støtteordningar
Vi har laga ei oversikt over støtteordningar som lag og organisasjonar kan søkje på.
-
Kurskveld i søknadsskriving
Velkommen til søknadskurs i to delar, onsdag 12.feb. Stad: Reiselivsmuseet. 1) Kl 17:00. Digitalt kurs i regi av Gjensidigestiftelsen 2) Kl 1815: Kurs i regi av Sparebankstiftinga. Vi får besøk av Yngve Thorsen som legg inn ein ekstra kurskveld i Balestrand.
-
Aktivitetar eller arrangement i Friluftslivets år?
Kommunar, Frivilligsentralar, lag, organisasjonar, skular og barnehagar kan søke om opp til 10.000kr i tilskot frå Sogn friluftsråd til å gjennomføre aktivitetar eller arrangement i Friluftslivets år